Otta fekk namnet etter otte

Elvenamnet Otta har å gjera med noko skremande, noko som vekkjer otte. Det opplyser historikar og bygdebokforfattar Ivar Teigum til selhistorie.no. Ein av lesarane våre meinte å veta at byen Otta fekk namn etter elva, men kva kjem elvenamnet av? I bygdebok for Vågå og Sel fortel Teigum om bakgrunnen til fleire av dei lokale elvenamna.

Av Kjell Arne Bakke, Oslo

Dette prospektkortet fra Mittet viser Otta i 1935.

Lesar ba om hjelp

Ein av lesarane våre som ofte er i Vågå, Bjørn Ove Finseth frå Vanvikan i Nord-Trøndelag, kom opp i ein diskusjon om kva stadnamnet Otta betyr. Dei vart einige om at det kan ha noko med elva Otta å gjere.

– Men elva har vel også fått namnet sitt frå noko. Kan de hjelpe oss, var spørsmålet han sende til redaksjonen.

Vi tok kontakt med historikar og bygdebokforfattar Ivar Teigum på Otta. På oppdrag frå kommunene Vågå og Sel skriv han nå på det fjerde og siste bindet av Bygdebok for Vågå og Sel.

– Kva kjem namnet Otta av, Teigum?

– Oluf Rygh, han med Norske gaardnavne, har også skrive ein artikkel om norske elvenamn, som han meiner er dei eldste namna i kulturlandskapet. Etter hans oppfatning har elvenamnet Otta å gjere med noko skremande, noko som vekkjer otte. I Norsk stadnamnleksikon blir elva Otta i Sunndalen på Nordmøre også nemnd. Ho har gjeve namnet til garden Ottem, svarer Teigum.

Meir i Bygdebok frå Vågå og Sel

Ivar Teigum, som på oppdrag frå dei to kommunane nå skriv på det fjerde og siste bindet av Bygdebok for Vågå og Sel, viser til bind 1 der han har tatt for seg blant andre elvenamna Otta, Lågen og Sjoa. Her skriv han at elvenamna er eldst, og at elver slik som Lågen, Otta og Sjoa ofte er kjelde for andre namn. Med løyve frå Teigum gjev vi her att eit avsnitt om eldre jernalder, der han gjer eit tidssveip omkring 600 år etter Kristus.

”Lågen flyt roleg, men i myndige svingar, og møter Otta til eit svart og grønt elvemot. Otta for sin del har stundom bruk for å syne krefter. År om anna spreier ho otte og skrekk omkring seg under smeltinga i fjellet midt på sommaren, eller også om hausten når vilkåra ligg til rettes for flaum. Slike fysiske forhold tek namnegranskarane utgangspunkt i når dei gjer tolkingsframlegg for desse eldste namna. (Rygh 1900, og Haug 1980)

Der ho brusar kvit og skinande i gjela sine, skal Sjoa ha kalla på sansen for det visuelle hos dei som gav seg til der, og som av den grunn kalla tilholdstaden sin for Heidal. På grunn av jernblæstringa i eldre jernalder har vi gjort oss kjende med området kring elva Rinda, og med Veo på grunn av jakta på rein og elg. Namnet Rinda set namnegranskarane i sammenheng med randar og rygger i landskapet. Namnet Veo har sammanheng med vigga, skogbandet oppover mot fjellet.

Ottdalen er Otta sitt dalføre dit opp som landskapet opnar seg i bygda med det karakteristiske namnet Lalm. Sjårdalen er eit namn med same rot som Heidal. Namnet Vågå [fortel om] allmannvegen, som femner bygd og grend i austenden av det lange vatnet i Otta [ . . . ]. I den andre enden av vatnet finn vi framleis Skim, ei form av det gamle namnet for sjø. Namnet på sideelva Finna har vorte knytt til plantenamnet finntopp eller finnskjegg. [Men] namnet kan opne for fleire tolkingar.

Spranget over det smale gjelet i elva Ula [ . . . ] skal ikkje ha vore ei uoverkomeleg utfordring på vegen innover mot det smale og beine Rondvatnet. (Vegard Vigerust 1999). Her møter vi att tydinga av namnet Rinda i ei anna form av namnet – Rond. Elva Ula, uttala med tjukk l-lyd, fortel om urene og gjela som vatnet har sprengt seg veg gjennom ut til øyrene elva har lagt att til slutt, og dermed pressa Lågen til den vestre sida av hovuddalføret.”

Bind 3 kjem før sommaren 2007

Ivar Teigum har nettopp levert manuskriptet til bind 3 av Bygdebok for Vågå og Sel til trykkeriet, og boka ventast i sal før sommaren. Bind 4 kjem i 2009.

– Kor kan lokalhistorisk interesserte kjøpe bøkene?

– Bygdebok for Vågå og Sel kan tingast gjennom alle bokhandlar, men vi har en del faste, lokale salsstader både i Vågå og Sel, svarer Teigum.
 

Bygdeboka er til sals her:

I Sel: Notabene, Otta Libris, Heidal Håndverkstun, Fantasihuset Banken, Sel kommune, servicesenteret

I Vågå: Vågå Bok og Leker AS, Br. Storlien avd. Rimi, Coop Ottadalen Bygg Mix, Coop Marked Tessanden, Coop Marked Lalm.

Les meir lokalhistorie i Bygdebok frå Vågå og Sel på Ivar Teigum si heimeside.

Denne artikkelen vart fyrste gång publisert på selhistorie.no den 11. april 2007.