Oppveksten på Kytebruket

Andres Kyte, født i 1929, skriv her om Kytebruket og korleis det var å vekse opp øst for jernbanelinja mot Otta-elva. Andres, som flytta til Oppdal som nyutdanna lærer i 1965, var fjerde barnet til Johannes og Ågot Kyte. Han kom frå Voss for å styre skiferbedriften, mens ho kom frå Nordre Lien.  

 Høyonn på Elvestad – Kytebruket, Synna Brue ved Otta-elva. Bak frå venstre: Jarle Fossehagen, Reidar Smedsrud, bestefaren Jo Lien og Magne Smedsrud. Foran frå venstre: Andres Kyte, Torbjørn Smedsrud og Odd Kyte.

Av Andres Kyte, Oppdal

Mor Ågot var født Lien, dotter til Jo Lien. Han åtte det nordligaste liabruket, tidlegare husmannsbruk under ein av Kleivrudgardane nede ved Lågen-elva.

På trappa heime. I midten: Kåre Svendsen, som bodde i leiligheta i 2. etasje. Kåre budde saman med mora og søstrene sine her i mange år. Elles: meg Andres og bror Odd Kyte (t.h.).

Vestfra for å bryte skifer

Far, Johannes Kyte, kom like etter 1. verdenskrig til Otta frå Voss. På Voss er det fem gardar som har dette Kyte-namnet. Voss Skiferbrudd kjøpte den gongen skiferrettigheter på Otta, og far kom for å styre med dette.

Seinare vart firmaet seld til skipsreder Jakob Kjøde, Bergen, og fekk namnet Sten & Skifer a/s. Dette selskapet sette i 1938 opp sliperi like ved den gamle lokomotivstallen på Otta, og dreiv dette i mange år. Sten og Skifer a/s hadde mange mann i arbeid både i brudda og i sliperiet. Selskapet vart nedlagd i 1960-åra på grunn av dårligare brudd enn det som i dag finns innenfor Pillarguri-toppen.

Eg tek med dette her om Sten og Skifer a/s fordi det er ikkje nevnt i boka ”Otta gjennom 100 år” som kom ut i 1996.

Oppveksten på Kytenbruket

Eit bilde frå trappa heime. Fire Kytebarn, frå venstre Jon, Andres, Ella og Ingjerd.

 

Bygde seg eit bruk

Da jernbanen kom til Otta i 1896, vart Ottbragd-garden delt i to av jernbanelinja. Det stod att ti dekar jord øst for linja mot Otta-elva. Far, som var fra gard, kjøpte dette i 1928 av Jakob Skotte (Ottbragd). Han fekk også med den øya som låg mellom Vesle-elva og hovedløpet av Otta-elva. Han sette opp eit to etasjes hus og eit fjøs. I fjøset hadde vi to-tre kyr og gris, og også sau og høns ei tid.     

Far gjekk så på Kooperativen og skulla ha kyrra-band (kuband) i fjøset. Men vossingen var nok ikkje så god å forstå, så den betjenten som skulle finne kyrra-band, kom med tjæreband til far. Det var nok uvant med vossemål på Otta den gongen i 1928–1929.         

Å vekse opp på eit lite bruk, er verdifullt. For det fyrste måtte vi barna lære oss å arbeide på bruket med våronn, slåttonn og innhøsting. Far var opptatt med arbeidet sitt i skiferselskapet om dagen, så difor vart det mykje arbeid på bruket om kveldane.

Eg hugser vi hadde god hjelp av bestefar Jo Lien i slåttonna. Elles var det jo godt å ha det vi dyrka av mat under 2. verdenskrig. Det var jo mangel på alt den tida.

Stabburstrappa på Kyte

På stabburstrappa har vi teke mange bilder. Her ser vi frå venstre: Hans Endrestad, Dagny Svendsen, Gudrun Kyte, Andres Kyte, Odd Kyte og, heilt til høgre, Jon Endrestad.

 

Kasta kil og slo krokett

Kva leika vi barna med på den tida? Vi hadde stor gardsplass på Elvestad, som bruket vårt heitte. Så her dreiv vi med mange slags leiker. Vi kasta kil. Det var populært. Vi slo krokett og satte opp bøyler og spelte på lag.

Men ofte gjekk leiken for seg i Brugeilen. Det var jo nesten ingen biltrafikk på den tida, så her kasta vi kil, spelte krokett, kasta på stikka, hoppa ”paradis” og mange andre ting.

 

Vi hadde gode naboer i familien Smedsrud. Eg var ofte med til hytta deira ved Furusjøen, saman med Smedsrudgutane som var på min alder. Her er vi på fisketur: far Johan Smedsrud, så kjem Magne, Reidar, meg Andres og Torbjørn.

Elva var spennande

Vi bodde nær Otta-elva, og elva hadde mykje spanande med seg. Om våren voks elva i vårflaumen, og ho kunne gå over sine bredder mange gonger. I 1938 vart elva så stor at ho braut gjennom skansen og laga eit stort hol på ca. eit halvt mål på jordet vårt.

 

Elva frakta tømmer gjennom heile Gudbrandsdalen ned til Mjøsa. Som leik hadde vi det slik at vi drog tømmerstokkar på land, og da gjaldt det å ”samle” på flest. Men når tømmerfløterne kom, hadde vi vett til å sende stokkane ut i elva igjen. Arbeidet som tømmerfløterne gjorde, var spennande og artig å følgje med på.

Ein gong hadde ein masse tømmer lagt seg på eit brukar på jernbanebrua. Det var spennande å sjå på tømmerfløteren som skulle løsne denne tømmermassen, der han sto og hogg sund nokre tømmerstokkar for å få det heile i gang igjen.

Formokampen

Her er eit bilde teke på toppen av Formokampen. Vi er på sommarleir på ei seter ikkje langt derifrå. Pastor Grønbekk leda leiren. Grønbekk, som var frå Trondheim, fekk bety mykje for oss barn og unge før og under krigen. Grønbekk heilt til høgre. Elles er det mange frå Otta med på bildet.

Bada og fiska

Vi barna brukte også elva mykje til bading om sommaren. Ofte var vi og bada i Seljord-øyene, for her var vatnet meir stilleståande, og hadde derfor bedre temperatur.

Vi fiska også i elva. Utstyret var ikkje alltid så flott. Fiskestanga kunne godt vera ei grein av selje eller hegg som vi hadde funne i skogen. Vi fiska helst med meitemark, og fisken vi fekk var aure eller ”hårr”. 

Denne artikkelen er første gang publisert i Synnabruposten nr. 2, 2005, organ for Ottbragden vel.