Lokalhistorien fra Sel kommune finner du på selhistorie.no

"Fra fortid til framtid"

selhistorie.no/forsiden

Martnasgeneralen minnes oppveksten på Otta i etterkrigstida

Jan Petter Hammervold, styreleiar i Ottamartnan, minnes oppveksten i stasjonsbyen. Han hugsar krigane mellom Ogga og Nea lina, tendensen til småborgarskap og dei to pølsebuene. Dei gjorde at Otta tok eit langt steg frå dei andre tettstadene i dalen.

Klassebilde frå midten av 50-tallet.
Foran fra venstre: Gerd Rønnaug Moen, Unni Åboen, Åse Dalberg, Lise Lotte Sudenius, Ingrid Hansen, Ingebjørg Torgersrud, Gerd Oddny Ødegård og Astrid Oustad.
Bak fra venstre: Oddbjørn Haugen, Tor Bergum, Reidar Grønn, Steinar Turmo, lærer Johan Kvåle, Knut Eggan, Jan Petter Hammervold og Bjørn Sørlie.
Bak skoleporten ses ”Olsen på hjørnet” (huset til Morten Havn), med sin strategisk plasserte kiosk.

Av Jan Petter Hammervold, Lillehammer

Det var ein trygg og god oppvekst på Otta i etterkrigsåra, vi var alle ein stor kameratgjeng som gjekk ut og inn dørene hos kvarandre dagleg.

Vi hadde riktignok ei og annan ”kula” mellom ”Ogga lina” og ”Nea lina”, men ingen tok nokon gong skade av det. Denne småkriginga tok også slutt da Loftsgardsjordet vart boligfelt og fleire framifrå krigere frå nabolaget mitt flytte dit og kom ”Ogga lina”.

Tendenser til borgarskap
Feitt var det ikkje å vekse opp i etterkrigstida, men eg trur ikkje nokon direkte svalt. Men sko og klede kunne det væra så som så med.

Otta var ein stasjonsby med tendensar til borgerskap, og eg opplevde ei form for klassesamfunn som har vore med og farge meg politisk.

Det var lang avstand frå doktor, prest og lensmann til lagermannen på samvirkelaget, og ikkje berre økonomisk. Konene til slike som dei tre nevnte var ”fru ditt” og ”fru datt”, hushjelp var ikkje uvanleg for dei heimeværande fruene, medan mødrene til dei fleste kameratene mine heitte slik som Karen, Ragnhild og Paula. Ingen av dei var visstnok fruer, og fleire av dei hadde arbeid utanfor heimen.

The Hustlers:
Foran til venstre: Jan Petter Hammervold (Saxofon)

Foran til høyre: Oddbjørn Stubbrud fra Otta, som noen ganger vikarierte på rytmegitar for Egil Brandrud frå Sør-Fron.

Bak til venstre: bassist Sigmund Slåen frå Otta.

Bak til høyre: sologitarist Knut Berg frå Selsverket.

Oppå høyttalerkassa: batterist Jørn Haanshus frå Vinstra.

– Nokon gonger utvida vi også med ottaværene Ove ”Elvis” Haugen  på vokal og gitar, og Ola Mæhlum på orgel, fortel Jan Petter.

Med denne ”ballasten” er det kanskje ikkje rart at eg har vore kommune­styrerepresentant for Arbeiderpartiet i fire perioder i Nord-Fron og at eg no er inne i mi tredje periode i Lillehammer.

Skomakerhuset
Mange hugsar sikkert skomakeren på hjørnet av Storgata og Olav Bismos gate.

Jan Petters besteforeldre, Thora og Petter Resløkken – skomaker.
– Legg merke til gatebredda, du har gjerdet til Pillarguri foran i bildet! Storgata er berre ein smal gjeile, påpeiker Jan Petter.

Vart freista med ”pysje med alt”
Midt på femtitallet skjedde det noko spennande på Otta som gjorde at staden definitivt tok eit langt steg frå dei andre tettsta­dene i dalen:

Vi fekk pølsebu, og ikkje berre ei, men to.

Då Ragnhild Øyen og Grønengfamilien starta kvar si pølsebu i parken, vart det mange freistingar for oss ungar. Og spesielt lett vart det ikkje for den som måtte halde seg med lommepengar sjøl.

Men hadde vi ikkje råd til ”Pysje med alt”, kjøpte vi ”Pysje med alt utan pysje”, og da slapp vi unna med femtiøringen.

Starta band med kameratar
Etter realskule reiste eg eit år på hval­fangst i Sydisen. Heimatkomen byrja eg på gymnaset på Vinstra. Mens eg gjekk der laga vi eit band som heitte ”Hustler”, der eg spela saman med blant andre Knut Berg og Sigmund Slaaen.

Det var vel ikkje stor musikk vi presterte, men vi hadde utruleg mykje moro, og ein og annan av oss brukte posisjonen frå scena til å få innpass hjå damene.

Jan Petter Hammervold

Her er Jan Petter antakelig omkring 15 månedar gammel.

– Skoa – mine fyrste – er laga av bestefar, og eg har dei enda, fortel han.

Jan Petter Hammervold vart født på Otta for vel 66 år sidan. Det var krig den gongen og ikkje så mykje å rutte med, så dei første vekene tilbrakte han i ei kommodeskuffe.

– Kanskje kjem utferdstrongen min frå den tronge starten i skuffa? spør han.

Jan Petter Hammervold utdanna seg til bygningsingeniør og har arbeid innen den bransjen. Han har budd i Oslo, på Gjøvik, Hamar, Vinstra og no på Lillehammer.

No er han pensjonist og har enda betre tid til hytta si på Mysusæter og sitt engasjement i politikk og nærmiljø. Han er inne i si tredje periode som kommunestyrerepresentant for Arbeiderpartiet i Lillehammer. Han har også vore kommunestyrerepresentant i fire perioder i Nord-Fron.

I Norddalen er han no mest aktuell som styreleiar i Ottamartnan.  Mange kjenner han også frå Mysusæter Vel, som han leia i fem år.

Otta 1953

Otta i september 1953. Heilt til høgre i Storgata ses Resløkken-huset der Jan Petter Hammervold vaks opp. I forgrunnen er Samvirkelaget, der far hans seinere arbeidde.

Otta 1955

Her er Otta avbilda i 1955. Også her ses Resløkken-huset på hjørnet av Storgata og Olav Bismos gate.

Otta 1955

Otta frå lufta i 1955.

Denne artikkelen er tidlegare publisert i den faste spalten "Skråblikk heimatt" i avisa Vigga, 16. august 2007. _____________________________________________________________________

selhistorie.no er et nettsted i regi av Kjell Arne Bakke, opprinnelig fra Otta, nå bosatt i Oslo. Artiklene på denne nettsiden tar utgangspunkt i artikler av hans far, Per Erling Bakke, og stoff fra Ulvoldenslekta fra Selsverket i Sel kommune.

selhistorie.no har et samarbeid med otta2000.com, Sel Historielag og næravisa Norddalen på Otta om utveksling av lokalhistorisk stoff.

Nettsiden tar i mot også andre lokalhistoriske bidrag og bilder.

Organisasjonsnummer 990 783 624

Les mer om de lokalhistoriske artiklene her.

Denne siden ble sist oppdatert 6. juni 2010.

Tilbakemeldinger og artikler til vurdering sendes redaksjonen@selhistorie.no

Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Bakke, Solligrenda 52, 0491 Oslo