Oppveksten på Otta etter krigen

Det var mange mange skibakkar og akebakkar på Otta etter krigen. På Blekajordet fanst det ikkje eit einaste hus, og på Hjellum var det heller ikkje mange. Til og med symjebasseng var det på Otta på denne tida, og i ”Øyom” var det ei fin sandstrand. Utstillingsvindaugo låg på rekke og rad frå Lågenbrua i aust til urmakar Saastad i vest. – Det var trivelegare på Otta før, skriv den utflytta ottaværen Aud Austin i eit skråblikk heimatt.

Leika ute sumar og vinter

Av Aud Austin

Eg har inntrykk av at vi var ute og leika oss både sumar og vinter. Sumaren på Otta var alltid varm, og om vinteren var det mykje snø, slik eg hugsar det.

Vi hadde mange skibakkar og akebakkar på denne tida. På Blekajordet fanst det ikkje eit einaste hus, og eg hugsar til og med at eg stod på ski på Loftgårdsjordet. På Hjellum var det heller ikkje mange hus, og her hadde vi skirenn om vinteren.

Til og med symjebasseng hadde vi på Otta i denne tida. Det var ”to gjørmehol”, eit lite for oss ungane og eit stort  for dei vaksne. Vatnet her var nok ikkje av det aller reinaste, men kva gjorde vel det. Bassenget låg i ”Øyom”, og dette var lenge før industrien gjorde sitt inntog på Otta.

I ”Øyom” hadde vi og ei fin sandstrand, men det kunne vera litt skummelt å bade der på grunn av sterk straum. Sandøya låg omtrent der Lågen og ”Vesleelva” møttest.

Stemneplassen på Otta låg og i ”Øyom”, og her var det mannskorstemne, spelmannsstemne og mange fleire aktivitetar.

Det var ikkje måte på kor mykje vi hadde å gjera støtt. Vi slo ball, kasta på stikka, hoppa paradis og leikte Bing-Bang for å nemne noko av det vi heldt på med.

Noko anna som var populært, var å skrive bilnummer. Vi kunne sitja i krysset Lågenbrua/riksveg 50 i timevis. Det var ikkje så mange bilar som for på vegane fyrst på 50-talet, men av og til var vi så heldige at det kunne koma ein dansk eller svensk bil.

I 1952 flytta eg ”Synna-brue” og da kom eg på ein måte ”Oggo lina”. Gatekampane mellom ”Oggo” og ”Nea lina” skal eg ikkje seie meir om, for dei er det fleire som har nemnt.