Oppveksten på Otta 1940–1960

"Barberaren, han som hadde vore i Amerika, var tidleg ute med mangt. Han bygde hus med bad i 1939. Det var ikkje mange på Otta som hadde  - eller kunne ha", skriv Ellen Signe Sæther som i denne artikkelen hyller Otta og områdene omkring.

Av Ellen Signe Sæther, Romedal

Kår e æ frå - Otta!"

Fødd der - barndomstid i 2. etg. hjå Klophus - med utsyn over martnasplassen (Parken) der leiren til tyskarane var dei 5 fyrste åra mine.

Var med å kjørde ut varer

Dei gode venene mine i barndomen var Jacob, han med agentur og  heimekontor, der eg fekk vera med og pakke inn gjærbitar m.a., i huset der ho gamlemor alltid sat så fornøgd med bundingen; det var Nikolai, den døvstume, han som køyrde ut  varene med hest til butikkane. Eg fekk mang en gong sitja på lasset og på hesteryggen når arbeidsdagen var slutt.

Det var Astrid som kom og ville leike med dokkene mine, dokker som kunne si mamma. Gamle dokker eg hadde fått sendt frå slektningar. Det var etterkrigstida da Harald og eg sykla på trehjulssyklar. Han hadde førkrigsmodell med eiker og gummi på hjula, medan eg hadde nyaste kriseutgåva, med trekjerne og jernbeslag. Det var eit skabberak til sykkel!

Klophus som vi leigde hjå, barberaren, han som hadde vore i Amerika, var tidleg ute med mangt. Han bygde hus med bad i 1939. Det var ikkje mange på Otta som hadde  - eller kunne ha.

Flaug inn og ut av apoteket

Foreldra mine var innflyttarar. Farmor og farfar var og innflyttarar på Otta. Eg var ofte hjå dei i 2. et. på apoteket der farmor oftast sat med hekling, men meir nede i apoteket der farfar hadde plassen sin ved kontorpulten. Mest moro var det å vera på vaktrommet der Gudrun m.a. ( som hadde passa meg) dreiv med naftafylling t.d. - eller innom Rønnaug på "labben" og Sina på vaskerommet.-

Det var skuletid med Ida og Marit og Kvåle og nyinnslag som Sigrid Langdalen og Marit Toftemo. Det var speletimar i Verkensbakkane hjå Marit Britstuen, organisten, (eg gjekk oftast fram og attende). Eg var så heldig å gå annankvar dag på skulen, alle 7 åra -eg meiner dette: HELDIG! 

Treivst best ute

Otta hadde og har, det meste for den som treivst best ute. Om vinteren fine og bratte jorde og stader til å hoppe, køyre slalåm. Vi kunne gå på skøyter etter elveisen. Og så kjelke, da! Finast var Kleivrud-vegen! Om sumaren dei fine badeplassane borti Øyom - med sandstrendene! Og så alle dei fine plassane å gå: Raudberget, Pillarguritoppen, Thokampen, Svartkampen, Busetra, Kleivrudsetra, Andershø, Veggumskampen, Rustom.

Bukkedalen med bukkeblomen, Kringsetra, Rapham, Vålåsjøen, Gnedden -  - og eg veit  om liljekonvallplassar!

Foreldra drog vidare

Eg har ingen familierøter på Otta lenger. Foreldra mine drog vidare; ofte vanleg for farmasøyter. Men når nokon spør : "Kvar er du i frå?"  "Frå Otta!"  20 år der er ikkje 1/3 av livet mitt, men eg er frå Otta!

Kvifor må eg alltid opp for å sjå, likar å gå oppover bakkar - jau, for det måtte eg på Otta! (Vi hadde ikkje bil, vi starta på "skratch", i dalbotnen.)

Koma attende til Otta? Ein planlegg ikkje livet. Det kjem til ein, på ein måte. Livet går vidare, nye generasjoner kjem.

Kva gleder ungane våre? Det er eit utsyn frå ein fjelltopp, det er puddersnø, det er turar med kameraet i sekken - og sjølsagt mykje anna!

Naturen går ikkje av moten

Kva eg tenkjer om Otta nå? For alle stader gjeld kombinasjonen av å ta vare på (identitet) - og tenkje nå - og framover. Ta vare på spennande og spesielle hus, typiske boligstrøk - badeplassar!! - akebakkar! - naturlege plassar som berre er der frå naturen si side.  - til nye generasjonar!  Natur går ikkje av moten!

Før eg takkar for meg  - det går mot haust. Kva er eitt av dei vakraste syna? Dra ein sein ettermiddag i sept./okt. ned gjennom Ottadalen mot Otta, du har Blekalia rett i mot, i ettermiddagssola som kjem ut Ottadalen - sjå den gule lia !  Da er det fint på Otta; da!

Ellen Signe Sæther er datter av tidligere provisor Hermann Køhn (1909-1998) og kona Ragni (1911-1986), som bodde på Otta fra 1939 til 1962. Ellen Signe Sæther bor i dag i Romedal i Hedmark.