Kortvarig klondyke på Otta

Dei hadde store planar og stor aksjekapital, Østlandske Stenexport, da dei bygde stålindustri på Otta. Men eventyret vart stutt.

 

Av Truls Gjefsen, næravisa Norddalen, Otta

Når 93 år gamle Kåre Wangen tenker attende på oppveksten i stasjonsbyen, står eitt klart for han: Det var etableringa til Østlandske som omskapte Otta frå ei husklyngje til ein stad. Likevel er det eit nærmast gløymt kapittel. Funnet av fleire sekkar med dokument frå verksemda i ei brakke på Holungsøy camping i Vågå gjev ny innsikt i den utrulege historia.

Ein snublande start

Det var i 1915 at Østlandske etablerte seg i Sel med ein aksjekapital på ein halv million kroner, ein svimlande sum etter datidas mål. Investorane var stort sett frå hovudstaden; det var vel helst nokre "jobbekroner" som måtte plasserast. Selskapet kjøpte opp Norway Talcmill  på Bårstad ved Lalm, der det nett hadde vore brann i talkmølla. Selskapet investerte i ei ny og større mølle og ein taubane over Tolstadåsen til Nord-Sel stasjon. Dyrtida som følgde verdskrigen, gav likevel problem med å få til lønnsam drift. Etter kvart nekta dei allierte òg selskapet å eksportere. Tanken på å utnytte biprodukta frå produksjonen meldte seg derfor raskt.

Stålproduksjon

På Bårstad måtte dei separere ut kromhaldig magnetitt – magnetisk jernmalm – av talkumen for å få den rette fargen på han. Dette var eit godt råstoff for stålproduksjon. Selskapet satsa derfor stort på å etablere eit smelteverk på Otta. Ei smeltehytte på vel525 kvadratmeter vart reist, med ein smelteomn til 160.000 kronar. I tillegg kom eit stort lagerbygg, verkstad og mannskapsmesse. Det daverande Otta hotell vart kjøpt opp og innreidd til eit gedigent administrasjonsbygg.

Store eigedommar vart òg kjøpte. Det var Loftgårdsjordet, Mostugujordet og kleberverkstaden til den lokale gründeren Jakob Stampen – svært mykje av det som i dag er Otta sentrum. I tillegg rådde selskapet over kraftverket i Eidefoss og kleberbrota i Tolstadåsen og bygde saghus og ein omnsverkstad på Sagflaten på Nord-Sel. Eit dolomittbrot ved Selsvatnet vart erverva, men aldri tatt i bruk.

Tekniske problem og store tap

Mot slutten av 1918 var smelteverket klart for prøvedrift, men dei praktiske problema meldte seg frå første stund. Kraftforsyninga kom ikkje i orden før utpå vårparten. Da viste det seg at dei norskproduserte kolelektrodane til smelteomnen var for dårlege til å få opp nok varme. To mindre omnar vart bygde, slik at ein i det minste kunne produsere kromrujern, eit halvfabrikat. Planen var å selja det til Tyskland, men der var det økonomisk krise og berre verdilause mark å kjøpe for.        

Etter eit år med prøvedrift og store tap greidde selskapet endeleg å laga kvalitetsstål etter å ha fått tak i gode grafittelektrodar til den store smelteomnen. Prøver vart sende til England, og tilbakemeldingane var svært positive. "Kringen hurtigdreiestaal" var mest like godt som rustfritt stål frå Sheffield! Optimismen var på veg opp att; no skulle det byggjast hammarverk. Det var berre det at heile driftskapitalen var brukt opp.

Gigantgjeld

I 1920 vart det klart: Det var ikkje tider for å selja stål ute i Europa. Lagra vart fylte mens gjelda passerte to millionar – 20.000 gongar månadslønna til ein industriarbeidar. Sjefen for drifta, disponent Johs. Andersen,  måtte gå, enda han hadde ein kontrakt på at han var "uopsigelig". Denne stillinga hadde han fått etter å ha gjeve bort alle eigedomane sine på og rundt Bårstad. Den tidlegare steinhoggaren var nok dynamisk, men mykje tyder på at han ikkje hadde innsett kor komplisert produksjon han gav seg i kast med.        

Året etter vart heile smelteverkdrifta lagt ned. Sal av eigedomar avverja konkursen, og Østlandske heldt fram med steinindustri heilt fram til 1980. Smeltehytta vart bygd om til meieri. Da bygget vart pussa opp for få år sidan, kunne ein enno sjå dei særmerkte bogane som var der frå starten av. Under golvet fanst støyperenner og malmrestar, men kjellaren vart fylt att før nokon fekk studert det nærmare. Nokre få barrar av hurtigdreiestålet er tatt vare på. Dei vart funne på Sagflaten, der dei var nytta som vekter til klebersaga. Det er eit smålåte minne frå den tida Otta tok opp konkurransen med sjølvaste Sheffield om å produsere kvalitetsstål.

(Kjelder: Årsrapportar frå A/S Østlandske Stenexport 1916-1920, Overeinskomst mellom Johs. Andersen og A/S Østlandske Stenexport 18.101915, Kjell Voldheim)

Denne artikkelen er skrevet av Truls Gjefsen og er tidligere publisert i næravisa Norddalen 1. februar 2007.