Taubana frå Bårstad til Sel

Den sju kilometer lange taubana frå Bårstad på Lalm til jernbanestasjonen på Sel var eit særsyn i si tid. Og ho gjorde jobben sin.

Av Truls Gjefsen, Næravisa Norddalen

Frå taubaneanlegget. (Frå Johs. Andersens fotoalbum)

 

Les også om Sagflaten: Tøff arbeidsplass, eineståande kulturminne

Bergensfirmaet A/S Norway Talcmill starta med utvinning av kleberstein på Bårstad i 1912. Til da hadde det vore ein smålåten drift på dei rike førekomstane, men no blei det fart på sakene. Snart var så mange som 70 mann i arbeid, og ein såg for seg ein mogleg årsproduksjon på opp mot 15 000 tonn.

 

Dårleg vegstandard

Å frakte steinen til jernbana var ei utfordring like frå starten. Det kunne vera tale om 40-50 lass om dagen med innleigd hesteskyss. Men vegen til Otta var i grunnen i dårlegaste laget til å kunna ta for slik frakt. Derfor må Norway Talcmill ha byrja å leggje planar for taubane like frå starten, for det er bevart profilkart over traseen datert 1913. Same året tok firmaet dei første kontaktane med grunneigarane i det aktuelle området.

Prosjektet heldt fram sjølv om Norway Talcmill gav seg etter ein brann i talkmølla i 1915. Det nye driftsselskapet, A/S Østlandske Stenexport, kjøpte rett nok inn tre lastebilar av merket Federal, nokre av dei første i distriktet. Men problema med vegstandarden vart ikkje mindre ettersom produksjonen i 1916 kom opp i 6-7 000 tonn.

Østlandske slo stort på ved bygginga av den nye mølla, som kom i drift da Eidefoss omsider klarte å levere straum, 7. januar 1917. Med straumen kom òg den siste brikka på plass for drifta av taubanen, som starta same året.

 

Luftige svev over åsen

Det var eit mektig anlegg som var reist med tysk ekspertise, leveransar og arbeidsleiarar. Firmaet Adolf Bleichert & co. i Leipzig hadde lagd sirlege arbeidsteikningar som enno er tatt vare på. Prisanslaget var på 73 250 kroner. Store og kraftige master var reiste over åsen mot Sel. Ein sparte nokre kilometer ved å leggje bana i den retninga, og møtte få hinder, med atterhald om høgdeforskjellane. Det høgste punktet var på 1050 meter over havet, 715 meter høgare enn endestasjonen på Sel.

I dei brattaste partia var eit par av spenna på heile 800 meter. Det gav nok sug i magen til dei arbeidarane som i blant nytta høvet til å ta "snarvegen" over åsen i ei av korgene. Historiene om desse turane er fleire, blant anna om oppsynsmannen som vart sitjande fast høgt der oppe i tre-fire timar ved eit straumbrot. At arbeidsfolket òg kunne sende anna med bana, slik som sprit til laurdagskvelden, var òg så.

 

Stødig frakt i skiftande tider

Taubana kunne frakte opp til sju tonn i timen fordelt på 60 korger. Ho gjekk jamt og relativt problemfritt i godt over eit halvt hundreår. Arbeidarane fortel at det hende at ein av sekkane med talk rivna under frakta, så den kvite støvskya stod over åsen. Men det var ganske uskuldig i forhold til kva som kunne ha skjedd dersom bana ikkje var konstruert med tysk grundigheit.

Problema var snarare knytt til avsetninga av talkmjølet på verdsmarknaden. Årsrapportane til Østlandske fortel for eksempel om dårleg sal i 1918, men at det var "livlig" året etter. I 1920 var talkmølla på Bårstad i drift i ni månader og gav eit pluss i rekneskapen på 40 000 kroner. Året etter var depresjonen eit faktum, og mølla var i drift i berre to og ein halv månad. I 1923 fekk selskapet sendt i veg berre 1850 av dei 3150 tonna dei hadde utvunne.

 

Rustne minne

Slik svinga det opp gjennom hundreåret fram til toppåret 1971, da det vart produsert heile 24 000 tonn. Så gjekk det bratt nedover inntil drifta tok slutt i 1987. Men alt rundt midten av syttitalet gjekk Østlandske over til å frakte talken med bil til Otta, og taubana vart lagt ned og rive. Dét arbeidet vart så dårleg utført at det ennå finst att fleire minne i form av ståldelar og kablar oppe i åsen.

På taubanestasjonen på Sel vart talken lasta over på jernbanen. Foto: Norddalen.

 

Endestasjonen på Sel vart seld i 1988 for ein billeg penge. A/S Granit, som da var eigar, rekna seg nok som heldig som vart kvitt ansvaret for det store, gamle trebygget. På det tidspunktet kunne det nok ha vorte tatt vare på, som eit monument over tidlegare tiders industri. Men slik gjekk det som kjent ikkje.

(Kjelder: Årsrapportar frå A/S Østlandske Stenexport 1917-1923, Teigum, Ivar: Bygdebok for Vågå og Sel, band 3, Kjell Voldheim og Ivar Teigum)

 

Denne artikkelen er første gang publisert i Næravisa Norddalen 08.11.2007