Sagflaten: Tøff arbeidsplass, eineståande kulturminne

 

Saghuset og verkstaden på Sagflaten mellom Nord-Sel og Vågå er eit verneverdig kulturminne i første rekkje. Det har Norsk bergverksmuseum slått fast.

Grunnen er rett og slett at det truleg er det einaste anlegget i sitt slag som er nokolunde intakt.

 

 

Av Truls Gjefsen, Næravisa Norddalen, Otta

Les også: Taubana frå Bårstad til Sel

Det ligg på Bårstads grunn og dermed i Vågå kommune, men har tradisjonelt vore ein arbeidsplass for selværar, nært som det ligg til Selsbygda.

Namn som Sagflaten og Sagdalen tyder på at det har vore verksemd ut over gardsdrift her frå gammalt. Sist på 1800-talet dreiv austerrikaren Galdert ein omnsverkstad med lokale arbeidarar. Da Østlandske Stenexport A/S starta opp drifta i Sel og Vågå i 1916, bygde dei ny verkstad og eit saghus for kleberstein på Sagflaten. Dette vart liggande gunstig til i forhold steinbrota i Nyseterberget og Rustberget. Sidan forsynte òg Åsårberget anlegget med stein.

Tunge løft

I starten vart jernbanespor anlagte frå dei to brota til saghuset, som låg litt lågare. Hestar drog vognene opp, og tyngdekrafta sørgde for at den tunge lasta kom vel fram. Det var nok ikkje så liketil å frakte dei ferdige produkta langs vegen til jernbanestasjonen på Sel, men det var i alle fall ikkje så langt. Frå Åsårberget, som ligg lenger unna saga, måtte steinane òg fraktast på veg.

Frå vognene vart steinen løfta med kran over på ei av dei to rammesagene, som hadde fleire vertikale, stillbare sagblad. Derfrå var det tunge løft over på formatsaga, ei sirkelsag som delte opp steinen til om lag rett dimensjon. Men ho var ikkje meir nøyaktig enn at det måtte ein omgang på slipeskiva til for å få det heilt rett.
.......Rammesag i gang med å dele opp stor blokk.
....................................... Foto: Kjell Voldheim, 1977

Malar i tre viste dei ulike storleikane som var aktuelle å laga til. Malane hadde namn som ”tyskar” og stortyskar” som fortalte kor steinen skulle. Og enno heng malane for kvelvingane som skulle byggjast opp av steinane. Kvar einaste kvelving vart prøveoppsett før ho vart sendt frå fabrikken. Dei kunne ikkje risikere å få ein heil steinomn i retur frå ein plass ute i verda!

Marokko og India

Det var frå 1922 at all produksjon av blokkstein i området vart samla på Sagflaten. I saghallen vart det sagd til eldfast foringsstein til smelteomnar. Det var det viktigaste produktet

herfrå og vart eksportert vidt omkring i Europa, men òg til eksotiske mål som Marokko og India. Ennå finst det sjablonar for merking av fraktkasser til blant anna Calcutta.

Samtidig vart omnsverkstaden i Stampen på Selsverket flytta hit til eit tilbygg til saghallen. Forutan peiser og omnar lagde arbeidarane her ulike produkt på bestilling, slik som peiser,

Tilsaging av foringsstein. 
Foto: Kjell Voldheim

kaminar, takker, vasar, oskebeger og gravminne. Den kjente treskjeraren Per Haugen var engasjert til å gjera utskjeringane på gravsteinane.

Arbeidsstokken varierte med mengda oppdrag, men låg gjerne på 40–50 mann. I toppåret 1937 var heile 101 sysselsette med ulikt arbeid på Sagflaten og i brota. Dei fleste var frå Nord-Sel, og det må bety at det knapt fanst ein familie i bygda som ikkje hadde minst ein i arbeid der oppe.

Frå ei anna tid

Dei fekk brukbart betalt òg, om lag som dei som arbeidde på jernbanen, vart det sagt. Men så var det krevjande arbeid på mange vis, og ikkje berre på grunn av dei tunge løfta. Steinstøvskya stod om arbeidarane støtt. Saghallen hadde dessutan ingen vegg på den sida steinane kom inn, så på vinterstid ”fanst ikkje kaldare plass”, kunne Einar Sagflaten fortelja.

Noko av det som gjer anlegget på Sagflaten spesielt interessant, er at det var lite utskifting av det tekniske utstyret i løpet av dei vel seksti åra dei heldt på der oppe. Kjell Voldheim fortel at å komma inn der på 70-talet var som å komma inn ei anna tid. Desto større var teknologispranget da verksemda i 1982 vart flytta til ledige lokaler nede på Otta. Granit AS hadde overlatt skiferrettighetene sine til Cement og Skifer og hadde nå ledige produksjonslokaler  i skifersliperiet sitt. Her var utstyret topp moderne, mens Sagflaten vart liggande for vêr og vind som eit komplett, men ikkje vedlikehalde museum.

Først i 1995 vart det gjort noko for å sikre bygningane og utstyret. Så gjenstår det å sjå om riksantikvaren vil gå inn med tilstrekkelige middel til å redde kulturminnet gjennom verdiskapingsprosjektet.

Kjelder: 
Kjell Voldheim: Notat til verdiskapingsprosjektet 3.11.2008
Ivar Teigum : Bygdebok for Vågå og Sel, band 3, 
Kjell Voldheim

Denne artikkelen ble første gang publisert i næravisa Norddalen 12. februar 2009.