Rondane nasjonalpark: Debatten om opprettinga av den første nasjonalparken i landet

Det går knapt ein dag utan at nasjonalparkane og bruken av dei er omtala i lokalavisene. Sentrale spørsmål er kven som skal styre dei og korleis dei skal brukast. Denne artikkelen fortel om diskusjonen i samband med opprettinga av den første nasjonalparken vår – Rondane.

Av Hans Olav Bråtå, Lillehammer

Tanken om å avsette eigne område for naturvern går i England heilt attende til 1500-talet, men det var først midt på 1800-talet i USA at denne naturverntanken fekk gjennombrot. Der vart den første nasjonalparken i verda, Yellowstone, oppretta i 1872. Hit til landet kom dei nye tankane relativt seint, først tidleg på 1900-talet. Ei revidering av naturvernlova i 1916 gav grunnlag for freding av større områder. Same året vart ein gamal tanke om

freding av Jotunheimen og Gjende tatt opp. Jotunheimen, Snøhetta-området og Hardanger-vidda vart nemnt på årsmøtet i Den Norske Turistforening (DNT) i 1938. For dei to siste områda var omsynet til villreinen eit viktig argument. Rondane synest ikkje å ha vore nemnt i den offentlege debatten om kva for område som burde fredast.

Lov om naturvern av 1954 vart sentral

Stadig nedbygging av natur hadde utover på 1900-talet styrka den nye naturverntanken, og i 1954 kom ei modernisering av lova frå 1916  og gav grunnlag for å verne store område.

Lova bestemte at det skulle opprettast eit naturvernråd, og i 1955 vart Statens Naturvernråd oppretta. I 1960 vart det også oppretta ei stilling som naturverninspektør.

Nasjonalparkar vert vanlegvis oppretta fordi staten legg fram forslag om vern. Historia om Rondane nasjonalpark skil seg ut frå dette. Den viser korleis lokale aktørar foreslo nasjonalparken og arbeidde for få til vernet.

Norman Heitkøtter var den mest sentrale enkeltpersonen ved opprettinga av Rondane nasjonalpark. Omsynet til villreinen var sentral for Heitkøtter og fjellstyra.

Rondane tar seg fint ut fra Vålåsjøtraktene.

Heitkøtter skreiv om dette i DNTs årbok i 1960:

”Ingen skal fortelle meg at villreinen trives langs veikantene, eller at fjellrypas naturlige tilholdssted er søppeldyngen ved de utallige hytter bortover alle fjell. Vi må ha veier, og folk skal få sette seg opp hytter, det er vel alle enige om. Vi må bare passe på å reservere enkelte områder før det er for sent.  En del av våre rovdyr og fugler har krav på å bli fredet. Ikke bare fordi det er synd at de skal bli utryddet, men også ut fra et viltmessig synspunkt.” 

Ifølgje Heitkøtter var det alt midt på 1950-talet klart for alle som fylgde med i utviklinga i fjellet ”at økt folkeferdsel ville bli den største trussel for villreinen i framtida”. På bakgrunn av at naturvernlova frå 1954 gjorde det mogleg å verne det Heitkøtter kalla “større landskapsområder”, sonderte han stemninga blant aktuelle fjellstyre. Dette viste at det var stemning for eit vern av fjellet, spesielt for å ta vare på leveområda for villreinen. I 1956 sendte han ei orientering om lova til fjellstyra i Dovre, Folldal, Sel, Nordre Kolloen, Vulufjell, Sollia og Ringebu, og foreslo at dei skulle arbeide for å verne eit område “inne i Rondane”.

Kva for område skulle fredast?

På ettervinteren 1957 heldt fjellstyra (unntatt Ringebu fjellstyre) eit fellesmøte om saka, og vedtok samrøystes å starte eit vernearbeid.

Ein tremannskomité leia av Norman Heitkøtter vart vald til å arbeide med saka. Komiteen innsåg fort

“- at skulle denne planen gjennom-føres uten for mange protester og med for mange inngrep i bygdefolks interesser, måtte de gamle bruksretter som før fritt kunne utnyttes av bygdene her oppe -”.

Fjellstyra fekk sjølve bestemme kva dei ville frede, men i følgje møteboka for Folldal fjellstyre var arealet som var tenkt til naturpark ”- umrådet syd for Grimsdalen mot Ringebu”. Men “naturparken” måtte ikkje få ei slik utstrekning at den hindra utbygginga av næringslivet i bygdene. Forslaga dekka store delar av statsallmenningane.

For å få innspel til kva for dyreartar som burde fredast, skreiv Heitkøtter hausten 1957 til Edvard K. Barth ved Zoologisk museum. Barth meinte at det enklaste var å frede alt dyreliv, og så unnta artar.

DNT foreslo at utbetring av gamle vegar burde være tillate, og at det ikkje burde være noko hinder mot å bygge veg til Dørålsetra. Dei foreslo forbod mot hyttebygging og hotell, men eksisterande turisthytter burde kunne haldast vedlike og utvidast. Også private hytter burde kunne haldast vedlike, men ikkje utbyggast. Fjellstyra burde få sette opp oppsynsbuer og gjetarbuer, og gamle jakt- og fiskebuer kunne haldast ved like, men ikkje utvidast.

I Nord-Sel vart det protester mot forslaget til fredingsområde frå Sel fjellstyre fordi det omfatta område med dyrkingsjord. Fjellstyret reduserte derfor det området det meinte burde fredast. Edvard K. Barth var nøgd med fredingsarbeidet, unntatt grensene for “fredningsfeltet”. Han meinte det var svært sørgjeleg at skifer og eventuell gruvedrift i Hellberg-området ved Grimsdalen skulle føre til at spesielt fuglerike område vart haldne utanfor, og foreslo dei inkluderte i parken. Gravhøa burde inkluderast på grunn av reinsgraver.

Sollia fjellstyre godtok forslaget til fredingsreglar, men ville ha rett til å tillate ei kraftline frå Vinstra til Enden: “- en sånn linje er av den største betydning for hele distriktet i Nord-Østerdalen.” Folldal viltnemnd, Folldal fjellstyre og Vulufjell fjellstyre godtok fredingsforslaget. Dovre viltnemnd var derimot ikkje samde: ”Dovre viltnemnd vil på det bestemteste ta avstand fra alle de restriksjoner som kan skade eller hindre utviklingen av fjellbygdenes næringsliv også når det gjelder utnyttelsen av høyfjellet. For Dovres vedkommende er ekspansjonsmulighetene nede i bygda så begrenset at utvidelsene for det vesentligste må foregå i fjellet, og vi mener at man bør være varsam med å legge hindringer i veien for utnyttelsen av bruksretten der.”

Dovre fjellstyre behandla i april 1958 nye brev frå tremannskomiteen og hadde innkalla ein representant for setereigarane i Dørålen. Etter forslag frå han vedtok fjellstyret eit forslag til ny yttergrense i Dovre som førte til at nordaustre delen av Dørålen ikkje skulle fredast. Seinare ønska dei at det skulle vere mogleg å regulere fiskevatn og elver for å fremme fisket.

Utbetring av vegen til Rondvassbu sommaren 1958

Måssåviddene

fra Mysuseter

og mot

nasjonalparken.

Sommaren 1958 kom spørsmålet om utbetring av kjerrevegen til Rondvassbu opp, og det vart konfliktfylt. Utbetringa ville føre til inngrep i det fredingsområdet som var foreslått. Bakgrunnen var at ein hotelleigar på Mysusæter i mai 1958, etter avtale med DNT, ba ein maskinførar lage det Heitkøtter kalla bilveg frå Mysusæter til Rondvassbu. Som leiar av fredingskomiteen stoppa Heitkøtter straks arbeidet til saka var undersøkt. Han kontakta fjellstyra i Sel og Nordre Kolloen, som var mot vegbygging før fredingsplanen var behandla. Heitkøtter kontakta også skogforvaltinga, Naturvernrådet og DNT, samt formannen for Tremannsutvalget for Rondane. Det utvalet organiserte samarbeidet mellom fjellstyra i Rondane

Skogforvaltinga skreiv til DNT at arbeidet ikkje måtte startast utan løyve, men ifølgje DNT var det ikkje planlagt nokon ny veg, berre ein mindre reparasjon. Heitkøtter skreiv så på vegne av fredingskomiteen til DNT at fjellstyra ikkje ville ha sett i gang noko vegarbeid før fredingssaka var behandla. Dersom vegen vart bygd, ville det bli vanskeleg å stenge den, og dette ville gi store problem for fredingsplanen. Heitkøtter skreiv at kjerrevegen til Rondvassbu ikkje var dårlegare enn tidlegare:

”Det har hver eneste sommer gått fint med hest og kjerre innover. Det er kanskje litt gammeldags, men det vil jo bare bli for en sommer eller to og i høi grad hjelpe til å få fredningen gjennom. Det ser nu ut som det på død og liv må brukes traktor innover. Vi tror på ingen måte at Turistforeningen står bak dette, det er nok private interesser som ser seg truet når fredningen er såpass langt kommet.

Jeg har ellers pratet med bulldozerkjøreren som kunne opplyse at det ble tinget om full istandsetting av veien inn til Rondvassbu.”

DNT sa seg lei for at “- så mye opstuss om en sak som i realiteten bare gjelder et lite vedlikeholdsarbeid på en gammel vei. Hvordan ryktet om utbedring av veien til bilvei er oppstått, er oss uforståelig”.

På oppfordring frå Heitkøtter, og delvis basert på hans argument, skreiv leiaren for tremannsutvalet for fjellstyra i Rondane, Jens Hånshus frå Vinstra, til DNT. Han ba om at det ikkje vart bygd bilveg frå Mysusæter til Rondvassbu, og argumenterte med at ein veg ville føre til at arbeidet med å frede Rondane vart utan meining, og at det vil vere ei skam om det mest brukte råket for fotturistar frå Mysusæter til Rondvassbu skulle bli øydelagt av ein bilveg. Han hadde ikkje hatt møte med fjellstyra i Ringebu og Vulufjell, men var sikker på at dei var samde: “Vegen vil nemlig skape forandringer i det vanlige reintrekket om høsten. Man må regne med at reinen vil trekke mere østover.”

Sel og Nordre Kolloen fjellstyre vedtok at dei ikkje ønska vegbygging på strekninga Spranget - Rondvassbu, men at dersom DNT ønska utbetring av “råket” til Rondvassbu, ville dei kome attende til saka.

Heitkøtter klarte å stoppe utbetringa av vegen. Å få andre og formelle instansar til å protestere mot vegen, var ein del av strategien, og dei brukte hans kunnskap om reinen som argument. Mykje tyder på at fredinga vart motarbeidd av bygdefolk som hadde interesser i vidare utbygging av området. Desse kan ha utnytta DNTs ønskje om ei mindre utbetring. Dersom dette var rett, hadde Heitkøtter skjønt spelet til motparten. Motiva til DNT var likevel uklare.

Sel og Dovre imot freding

Fram til sommaren 1958 ser det ikkje ut til at kommunestyra var særleg involverte i saka. Det vart dei da fredingsforslaget vart lagt ut til høyring.

I Sel skreiv 87 personar under ein protest mot fredinga. Fylkesfriluftsnemndene i Hedmark og Oppland ba kommunane støtte ei freding. Det initiativet kom frå fylkesfriluftsnemnda i Oppland ved Alf Kveberg. I følgje dei var det primære ved naturfreding å bevare naturen i området urørt og bevare floraen og faunaen i området. Nemnda framheva kor viktig det freda området ville vere som ”rekreasjonssted og et område som tjener det forebyggende helsearbeid,” og sa vidare: ”Likeså vil en nevne den betydning et fredet område vil kunne få for turistnæringen i og omkring området.” 

 

1959:

Sel kommunestyre ønska at det innanfor det freda området skulle vere mogleg å bygge veg i Musvolldalen av omsyn til beitet, regulering av Rondvatnet og Ula, og ei kraftline gjennom nasjonalparken.

Sel kommunestyre behandla saka i april 1959. Saka hadde tidlegare vore drøfta i eit møte mellom Sel jordstyre, Sel formannskap og fjellstyreformennene for Sel og Nordre Kolloen. Kommunestyret foreslo å redusere verneområdet ut frå mellom anna behov for tilleggsjord og “rasjonell utnyttelse av fjellbeitene”. Dei ønska at det innanfor det freda området skulle vere mogleg å bygge veg i Musvolldalen av omsyn til beitet, regulering av Rondvatnet og Ula, og ei kraftline gjennom nasjonalparken. Vidare ønska dei at det freda området skulle administrerast av eit styre på 5 personar oppnemnt av fjellstyra. Kommunestyret sitt forslag vart nedstemt med 11 mot 6 røyster.

Blant motstandarane av freding var ein seinare formann i Sel fjellstyre, mens ordførar Ola Dahl støtta freding. Muligheten for sjølv å bestemme over fjellet, og behov for fleire vegar var viktig for dei som stemte mot freding.

I mars 1959 foreslo grunneigarar i Dovre at området mellom Atna elv og grensa til Sel ikkje vart freda. Grunnen var at sjølvråderetten burde bevarast, og fordi det kunne bli aktuelt å utnytte større delar av fjellområdet når mellom anna byane ikkje lenger klarte å ta imot befolkningsoverskotet bygdene produserte. Dei fann det ufatteleg at fjellstyra ikkje hadde innvendingar mot fredinga, og meinte at sidan alt låg i statsallmenning, var området gjennom fjellova godt verna fordi alle nye tiltak måtte godkjennast av fjellstyret.

Dovre kommunestyre protesterte i mai 1959 med 10 mot 2 stemmer mot fredinga fordi: “Dovre kommunestyre er av den mening at folket heretter som hittil skal kunne utnytte og ferdes fritt uten de restriksjoner som en fredning av Rondaneområdet vil medføre.”

I mai 1959 fanst det altså ikkje noko fredingsforslag som var støtta av kommunestyra i Sel og Dovre. Tremannskomiteen oppsummerte i juni 1959 likevel situasjonen slik: ”Fredningsreglene og grensene er nå tilrådd av samtlige fjellstyrer. Likeens av kommunestyrene i Folldal, Sollia, Sør-Fron og Nord-Fron, samt av fylkesfriluftsnemndene i Oppland og Hedmark. Det er protestert på reglene og grensene av kommunestyrene i Sel og Dovre. Fjellstyrene er fortsatt av den mening at de gamle bruksretter er ivaretatt, og at en naturfredning av området vil få verdi for bygdene. Fjellstyrene vil tilrå at fredningen blir gjennomført etter fjellstyrenes forslag til grenser og regler.”

Dovre kommunestyres motstand mot fredinga fekk likevel Dovre fjellstyre til å trekke det tidlegare vedtaket sitt.

Flytting av Rondvassbu til Illmannbekken?

Midt i prosessen med å etablere nasjonalparken, i september 1959, søkte DNT skogforvaltaren om ny tomt for Rondvassbu. Tomta låg 600-700 meter nærare Spranget på sørsida av Illmannbekken. Skogforvaltaren la saken fram for Nordre Kolloen fjellstyre som skreiv til DNT: “Fjellstyret finner ikke å kunne gå med på å føre opp ny Turisthytte på den plass som er antydet i Deres skriv, i det dette ville være å skade det område som er tenkt fredet. Imidlertid vil vi kunne gå inn for en utvidelse på Rondvassbu på det sted der den er oppført.” Saka vart ikkje lagt fram for Sel fjellstyre.

Rondane fra Raphamn.

Fjellstyret i Nordre Kolloen ba fredingskomiteen om ein uttale. Komiteen skreiv: ”Vi i 3manns-komiteen er ikke imot at Rondvassbu blir utvidet på den nåværende tomt. Men vi er bestemt imot at noen ny hytte føres opp fram for Illmann-bekken. Det er et av de viktigste punkt i vårt forslag til verneregler for Rondane og som DNT gjentagne ganger har skrevet under på at: Nye hytter ikke skal settes opp i området. Den nye tomta som er utsett ligger en halv km lenger fram i fjellet og et toetasjes hus her vil virke svært sjenerende. Vi rekner dette som en helt ny hytte og ikke en alminnelig utvidelse av Rondvassbu. Vi setter likeens DNT på helt lik linje med private med hensyn til nye hytter i fjellet.

I tillegg til dette kommer et annet viktig punkt, som er tenkt fremmet ved en fredning av Rondane, inn i bildet: Opphjelp av viltbestanden. En hytte på den nevnte tomt vil helt avskjære reinen et av hans vanlige trekk fra Rondhalsen og opp i Illmannhø-Illmanndalen.”

I brev til DNT skreiv Heitkøtter: ”Jeg kan si med en gang at hvis DNT prøver å presse gjennem et nybygg her, vil jeg bli svært skuffet over foreningen. Jeg kommer likeens til å arbeide alt jeg kan mot et nybygg her. Jeg har ingen ting imot en utvidelse av Rondvassbu, det trenges sikkert, men jeg kan ikke godta ett nybygg frem for Illmannbekken som utvidelse av hytta. Ved en fredning av Rondane er nettop forbud mot hyttebygging og veier de viktigste punkt. To punkt som DNT gjentagne ganger har skrevet under på. Likeens vil et gammelt reintrekk (som det begynner å bli få av nu) bli stengt. Dette har vi tydelige eksempel på fra anlegg fremme ved Spranget. Vi i 3mannskomiteen har, så langt vår myndigheter rekker, lagt ned forbud mot noe nybygg av hytter herinne så lenge fredningssaken pågår. Jeg beklager denne uoverensstemmelse, som jeg håper DNT kan glatte ut.”

Dette var like før DNT skulle ha årsmøtet sitt, og for å legge ekstra press på DNT, skreiv Heitkøtter eit innlegg i Aftenposten. Alt dette førte til at DNT trekte forslaget om nybygg.

Dette viser igjen at omsynet til villreinen var eit argument for freding, og at dei var opptatt av konfliktene mellom rein og menneske som følgje av vegen inn til Rondvassbu. Den konflikta følgjer oss ennå i dag.

Men saka om flytting av Rondvassbu var ikkje ferdig med dette. Sel formannskap ba i februar 1960 DNT ta opp att saka slik at den fekk ei korrekt saksbehandling,  og om mogleg ei plassering av Rondvassbu slik turistforeininga ønska.

I mars 1960 skrev Heitkøtter på ny til DNT om utvidinga av Rondvassbu: ”Så blander Sel formannskap seg bort i saken. De henstiller videre til DNT og ta saken opp igjen for å få en rettferdig behandling. Her må det pekes på at en del av representantene i Sel kommunestyre hele tiden har motarbeidet en fredning av et Rondaneområde, og fortsatt gjør det. I denne saken fremholder de som grunn at Sel kommune vil miste et nybygg til en halv million ved at søknaden om ny tomt er avslått. Dette er selvsagt tull, idet DNT kan bygge hvor stort og hvor mye de vil på den nåværende tomt. Som propaganda overfor bygdefolket mot en naturfredning virker det imidlertid godt.”

Bakgrunnen for kommunens ønske om flytting av Rondvassbu var ønsket om å regulere Rondvatnet for vasskraft-utbygging.

Ula elv skulle deretter kanaliserast over til Glitra for å gi vatn til oppdemming av Furusjøen.

For å få til dette, måtte Rondvassbu flyttast, og da passa ei ny tomt ved Illmannbekken.

Utbetring av vegen til Rondvassbu

Rondvassbu vart ikkje flytta til Illmannbekken, men vegen dit vart utbetra sommaren 1959, og hadde i 1960 fått bilvegstandard. Men DNT ønska ikkje biltrafikk til Rondvassbu. Det ønska derimot fjellstyra i Sel og Nordre Kolloen fordi dei mellom anna ville ”opne fjellet” slik at fleire av bygdefolket kunne bruke det til friluftsformål. Ein annan grunn var, meinte dei, at innbyggarar i Sel hadde same rett som befolkninga i andre bygder til å bygge vegar for å følgje med i utviklinga. DNT hadde i følgje dei ikkje rett til å stenge vegen til Rondvassbu.    

Sel kommunestyre utvidar fredingsgrensa - fjellstyret er imot

I 1960 medverka Sel kommune til at fredingsgrensa vart lagt i ein kile innover til Rondvassbu slik at området omkring vegen vart utanfor nasjonalparken. Det ville gjere det mogleg å leie Ula i ein kanal over til Glitra og Furusjøen. Men i februar 1962 tilrådde kommunestyret at grensa vart flytta fram til Spranget, mens fjellstyret ønska området utelate. Rollene til kommunestyret og fjellstyret med omsyn til vern var altså bytta.

Det var eit initiativ frå Heitkøtter som førte til haldningsendringane i Sel kommunestyre. Stutt tid før spørsmålet skulle diskuterast, oppsøkte han fleire kommunestyremedlemmer og overtalte dei til å støtte ei nasjonalparkgrense ved Spranget. Men Sel fjellstyre arbeidde framleis for at ein del område ikkje skulle bli med i nasjonalparken.

Diskusjonen om merking av ruta Smukksjøseter - Langholet

Saka starta alt i 1960 da Heitkøtter i brev til DNT kommenterte ei ny turistløype frå Smukksjøseter til Langholet. Han var kritisk og spurte: “Bør det ikke være igjen noen strø(k) også i Rondane som det ikke er oppmerket stier over?” Vidare skreiv han: “Behøver T-ene være en halv m. høie og behøver mellemrommet mellem vardene være ti-tolv skritt. Oppmerkingen har fått en slik karakter at den helt stoppet reintrekket her i høst. Jeg er av flere jegere bedt om å presisere dette overfor DNT.”

DNT svara at ruta vart merka etter oppfordring frå eigaren av Smukksjøseter. DNT syntest det virka som om vardane stod unødvendig tett og skulle sjå på det til sommaren. “Hva reintrekket angår har det vist seg flere steder at reinen meget snart venner seg til varder, ja til og med turistene. Forøvrig blir dette sikkert ingen sterkt trafikkert rute.”

I august 1962 tok Heitkøtter på ny opp spørsmålet om ruta Smukksjøseter-Dørålen med DNT. Han skreiv at sidan DNT lova å sjå på saka, var ruta ytterlegare oppmerka, og heldt fram:

”Vi er inne i et naturvernår. Nasjonalparken i Rondane er vel forhåpentlig snart et faktum. Reglene i parken blir jo svært beskjedne, sett fra naturvernsynspunkt. Derfor mener jeg det er rimelig at vi får en kjerne midt i parken, med helt uberørt natur. Jeg setter hermed fram et forslag til DNT om å legge ned rutenSmukksjøhytta-Langholet, samt ruten gjennom Kaldbekkbotn-Langholet. Verkilsdalen, Langholet med Løiftene, bør danne en slik uberørt kjerne i parken. Begge disse rutene er helt unødvendige, da andre ruter knytter hyttene sammen.

Dørålseter.

Det forannevnte område er det fineste vi har i Rondane. Løiftene, med botnene og dalene omkring har før om somrene vært en skattet beite og oppholdsplass for villreinen. Dette er det helt slutt med etter at ruten gjennom Løiften blev merket.”

DNT var samd i at vardane ikkje var slik dei burde vere, men at dei gjorde det mogleg for fleire å sjå den delen av Rondane. DNT skrev: “Som De vil vite er DNT meget positivt innstillet når det gjelder freding mot skjemmende inngrep i naturen. Men i hvertfall er det ingen mening å lage nasjonalparker, hvis resultatet er at praktisk talt ingen får se dem.”

Heitkøtter skreiv til DNT at det riktige ville vere, som DNT sjølv foreslo, å utsette saka til nasjonalparken var eit faktum, og sa vidare at dersom DNT ikkje la ned ruta, ville han ta opp saka med departementet. Han presiserte at ruta var svært uheldig for reintrekket i området, særleg i Løyftene, der merkinga var gjort i den einaste framkomstruta for reinen, noko som etter hans erfaring hadde ført til mindre passering av rein der.

DNT skreiv seinare til Heitkøtter at dei ikkje ønska å svekke opprettinga av nasjonalparken, eller “det som i denne forbindelse er ønskelig å bevare av terreng, vilt og lignende”. Men samstundes påpeikte DNT til Heitkøtter: “De skriver stadig om fredning. Det er et ofte misbrukt ord i denne forbindelse. Rondane skal ikke fredes, men utlegges til nasjonalpark. Det vil si tilrettelegges for friluftsformål samtidig som bestående natur blir tatt vare på.”

Forholdet til DNT om verneplanarbeidet

I eit brev til DNT i midten av desember 1962 tok Heitkøtter på ny opp vardinga, og sette den i samanheng med fredingsarbeidet elles. Dette vart på mange måtar hans oppsummering av forholdet til DNT under arbeidet med freding:

”Jeg er fullt klar over forskjellen mellom natur- og nasjonalparker. Likevel har også en nasjonalpark sine regler som skal etterkommes av privatpersoner og institusjoner. Utkastet til regler, som er godkjent av Naturvernrådet, satte forbud mot nybygging av hytter og veier. Mot vassdragsreguleringer. Nyvarding av stier skal godkjennes av styret for området, nå av departementet. Når vi får gjennomført dette, er det nok riktig å tale om en fredning av Rondane. Mye av det som har hendt (i spørsmålet om fredning) og fremdeles hender tror jeg

D.N.T. har lite rede på. La oss se litt på det som har foregått: D.N.T. begynte, pådet mest kritiske punkt i saken, å stime med en utvidelse av Rondvassbu. På tvers av utkast til regler, satte Dere mye inn på å få flyttet bua opp på en naken haug fram for Illmannbekken. Ville et toetasjes bygg tatt seg pent ut her, sett fra naturvernsynspunkt? Hvorfor tror Dere Sel kommune engasjerte seg så sterkt i saken? Det burde jo kvittet dem hvor hytta blev reist. Det som interesserte dem dengang, var å få stanset fredningen. Eierne av et privat kraftverk og en mølle nede i Ula-dalen hadde, også for å sette en pinne i veien, begynt å mase med en regulering av Rondvatnet. Et nybygg, på den nåværende plass, ville sette en stopper for en regulering av vatnet. Da partene ikke vant fram med dette, “avskjediget” kommunestyret to av medlemmene i fjellstyret, som hele tiden hadde gått inn for en fredning av området.

Det var dette “nyvalgte” fjellstyret som ga byggmester Løkken lov til å bygge vei fram til Rondvassbu. Kunne ikke DNT ordnet transporten på en smidigere måte, selv om det hadde kostet litt mer? En viktig grunn til mishag, var DNTs ekspansjon i området, mens bygdefolket, ifølge reglene, skulle “stenges ute”.

Jeg var med naturverninspektør Krogh herinne som kjentmann. Veien og nybygget gjorde utslaget til at inspektøren trakk fredningsgrensen helt inn om Rondvassbu, etter en konferanse med fjellstyret og ordføreren samme kveld.

Jeg skjønte nå at det måtte gåes til “angrep” på kommunestyret. Dette blev gjort ved personlig samtale med representantene, ved artikler og innlegg i avisene. Resultatet blev, at da naturverninspektøren sendte det nåværende forslag til regler, som da var godkjent av Naturvernrådet, tilbake til fjellstyret og kommunestyret for uttalelse, gikk Sel kommuenstyre enstemmig inn for en fredning av Rondane. Det blev til og med enstemmighet for å trekke grenser frem til Spranget igjen.

Så fikk vi denne nyvardingen i 1960. På tvers av reglene og på tvers av DNTs skriftlige ærklæring om at de godkjente reglene. Alt dette er behørlig kommentert i flere brev fra min side. Et resultat av nyvardingen - denne bagatell - er ennå ikke nevnt. Det er bebudet ny rute gjennom Bråkdalen - Kjondalen, hvis DNT skal få drive ukontrollerte utvidelser. Skal denne kjedereaksjon på grunn av DNT fortsette, da kan vi sette et spørsmålstegn ved å prate om fredning av Rondane.

Jeg kan nevne at i de tilstøtende bygder Nord- og Sør-Fron, Sollia og Folldal, vant fredningstanken frem med en gang. DNT har skaffet oss som har arbeidet med dette, svært mye ekstraarbeid og ergrelser, med sine forskjellige tiltak.”

Avslutning

Oppretting av nasjonalparkar fører til innskrenkingar i bruken av område, også når det gjeld gamle rettar. Det er derfor svært uvanleg, også internasjonalt, at lokale folk som har bruksrettar, tar initiativet til ein nasjonalpark. Ein viktig grunn til at det skjedde i Rondane, var omsynet til villreinen.

Den drivande krafta var Norman Heitkøtter. Han såg at utan ei samordna styring av arealbruken ville levekåra for denne arten, og for høgfjellet elles, bli øydelagt av

inngrep. I dag kunne dette til ein viss grad vore gjennomført via plan- og bygningslova. Midt på 1950-talet fanst ikkje den. Da var naturvernlova einaste mulighet, og den gav eit sterkt vern.

Sjølv om Statens naturvernråd var oppretta i 1955, var det Tremannskomiteen som frå 1957 styrte planprosessen. Den hadde stor påverknad på kva som skulle vere tema og korleis ulike aktørar skulle involverast. I dette spelet var fjellstyra gitt ei sentral rolle, og omsynet til villreinen var sentralt. Den var sentral fordi den var knytt til gamle tradisjonar, og kunne utnyttast i form av kjøttet og inntekter til fjellstyret. På denne tida vart elles forvaltninga av villreinen forsterka – også den drive fram av dei same lokale aktørane.

Tremannskomiteen synest i starten å ha hatt stor støtte til fredinga. Etter kvart kom dei som vil ha inngrep, klarare på banen. Med god kjennskap til det som skjedde lokalt og gode allierte i skogforvaltninga og Østlandske naturvernforening klarte komiteen å halde fast ved mykje av dei opphavlege intensjonane til fjellstyra. Ein balansegang mellom det ønskelege og det moglege var ein del av dette, og bevaring av gamle rettar var ein viktig del av dette. DNTs rolle synest meir vinglete. Dei ønska freding, men hadde også sterke interesser for sine anlegg. Dei synest å ha hatt ei manglande forståing for det lokale spelet om nasjonalparkar og korleis ulike aktørar prøvde å bruke DNT i dette spelet. Likevel heldt dei fram med å vere ein del av den viktige lokale-nasjonale alliansen for det mest omfattande vernet.

Overføringa av saka til den nyoppretta naturverninspektøren i 1960 førte til at særleg kommunane vart sterkare involverte og tatt meir omsyn til. Fjellstyra hadde tidlegare blitt sett på som viktigare enn kommunestyra. Overføringa av saka til nasjonale aktørar førte til at grunngjevinga for fredinga vart endra. Dette kjem klart fram i prosessen i åra 1960-1962. Grunngjevinga for vernet vart tilpassa kva som var viktig sett frå dei sentrale nasjonale aktørane og kva som var gode verneargument. Dei nasjonale aktørane la vekt på at Noreg skulle verne natur fordi at andre industrialiserte land gjorde det same. Vern av natur vart ei stadfesting på at Noreg, på line med andre land, nå var så industrialisert at vi måtte verne natur.

Rondeslottet og Storronden.

Meir konkret vart det lagt vekt på nasjonalt viktige tema som naturvitskap og Rondane si rolle i norsk kulturhistorie og litteratur. Dels var dette også dei tema som måtte framhevast for at naturvernlovas kriteria for nasjonalpark skulle oppfyllast. Villreinen derimot vart knapt nemnt lenger, og dette omsynet er heilt utelate i den kongelege resolusjonen. Det er eit paradoks fordi den var ein viktig grunn til initiativet og arbeidet med nasjonalparken fram til den vart oversendt dei nasjonale aktørane. Grunnen til det endra fokuset kan vere at grunngjevinga blir vald ut frå den ståstaden ein har.

For dei nasjonale aktørane hadde ikkje villreinen spesiell verdi. Barth og Heitkøtter sine forslag til utvidingar utover på 1960-tallet for dei same områda viser den same tendensen: Vitskapsmannen legg vekt på naturvitskap og fangstgraver, mens fjelloppsynsmannen legg vekt på verdien områda har for villrein. Utvidinga av verneområda i Rondane dei seinare åra viser at omsynet til villreinen på ny er sentralt for vern av områda og forvaltning av dei. Det er i tråd med ein auka regional og nasjonal vektlegging av denne arten.

Fredingsprosessen reflekterer at Rondane nasjonalpark vart oppretta i ein periode da dei formelle linene og ansvaret i nasjonalparkforvaltninga var i støypeskeia. Forslaget om eit råd for nasjonalparken, som hadde stor støtte i samtida, synest sjølvsagt for dei lokale aktørane. Dei skulle påverke den vidare forvaltninga. At det ikkje vart eit styre, kan skuldast at nasjonalparkane vart eit statleg ansvar. På eit meir generelt grunnlag kom den debatten for fullt utover på 1990-talet.

Vi ser også at ein del diskusjonar om inngrep blir gjentatt. På 1960-talet var utnyttinga av ressursane i fjellet viktig, mellom anna til setring og nydyrking. Vegar var ein del av dette, men også eit symbol på det moderne Noreg, også framført som ”retten til å kome inn på fjellet”. Rettane til det gamle bondesamfunnet og landbruket vart framheva. Men vernet og prosessen rundt dette reflekterte eit Noreg i ei brytningstid og eit land på rask veg inn i industrialiseringa. Dei som ville verne og dei som vil bygge ut, hadde føter i kvar sine tradisjonar, men det var ikkje eintydig. Forkjemparane for vern forsvarte også delar av den gamle fangstkulturen.

Turisme og friluftsliv var på rask veg framover alt på 1960-talet. I dag er det utnyttinga av nasjonalparkane til slike formål som dominerer bruken av Rondane og som er det viktigaste satsingsområdet, og ei kjelde til konflikt. I ettertid skal vi vere glade for at utnyttinga av områda til 1960-talets næringsliv vart stoppa. Spørsmålet er korleis våre etterkomarar vil vurdere det positive eller negative ved dagens satsingar med omsyn til nasjonalparken.

........HHans Olav Bråtås doktoravhandling..

 

Hans Olav Bråtå

 

Artikkelen er skrevet med utgangspunkt i Hans Olav Bråtås avhandling for dr.scient.graden, "Forvaltningen av villreinen og dens ressurssystem i Rondane. Belyst i et arenaperspektiv med makt og kunnskap som teoretiske innfallsvinkler", Geografisk institutt, Universitetet i Oslo, 2001.

Artikkelen er tidligere publisert i Årbok for Gudbrandsdalen, 2005.