Gammel-lensmannen angrar ikkje yrkesvalet

I 1945 kom verkingen Ola Ulvolden over ei annonse frå det 9. politikompani – Rikpolitiet, som skulle ta inn nye elevar. Han søkte, og kom inn. Det vart starten på eit spennande liv som lensmann i Vågå. 

Det toppa seg i 1968, da han skulle pågripe ein innbrotstjuv og vart skote på med pistol. – Akta dig, ropte den svenske innbrotstjuven og skaut mot lensmannen.

Arve Danielsen, Fjuken

«Gratulere med livet i behald», skreiv biskop Berggrav i eit telegram til lensmann Ola Ulvolden den 29. november 1968. Denne natta opplevde Ola Ulvolden sine mest dramatiske minutt av 25 år som lensmann i Vågå.

40 års teneste 

Ola Ulvolden er fødd og oppvaksen på Selverket ved Otta. Etter krigen i 1945 kom han over ei annonse frå det 9. politikompani - Rikpolitiet, som skulle ta inn nye elevar. Saman med ein kamerat søkte Ola og dei kom inn båe to, saman med 200 andre.

Ola fortel at det var ei hard utdanning, med befal frå Sverige. Dei låg i telt frå juni til utpå hausten. Etter kurset var Ola med på vakthald av fangar etter rettsoppgjeret på Ilebu, det tidlegare Grini.

Da han slutta der i 1946, kom lensmann Kristian I. Haugen i Vågå og spurde om Ola kunne byrja hjå han som underlensmann, noko han takka ja til. Dette var starten på over 40 års teneste som betjent og lensmann i Vågå. – Eg har ikkje angra ein dag, seier Ola.

I 1950 bytte lensmann Haugen og Ulvolden plass. Ola Ulvolden vart lensmann og Haugen vart underlensmann. 

Frå 1951 vart Jakop Ekenes som opphavleg kom frå Luster i Sogn, lensmann i Vågå. Da han døydde i 1961, søkte Ola på stillinga som lensmann og fekk den. Ulvolden var lensmann i 25 år, til han gjekk av med pensjon i 1986.

Mange har takka 

– Vagværene har vore greie å ha med å gjere. Det er mange som i ettertid har takka meg, seier Ola. Han fortel om ein som stadig var umogleg. Lensmannen gav mannen beskjed om at nå måtte han snart gje seg, elles vart han  arrestert og innsett. Dagen etter kom mannen og fortalde at nå hadde han funne seg ei pen jente.

–  Nå får du ikkje meir bråk med meg lengre, sa han. Ola tykte det var triveleg å høyre og dei tok kvarandre i handa. Mannen og jenta gifta seg og han vart ein mønsterkar, minnest Ola. 
Det var nok å stå i med som lensmann. Om det var fest og moro for andre, var det ikkje støtt like artig å vere einsleg politimann når ein måtte rykkje ut. 

– Vagværane var huga til å feste og danse, men det gjekk som oftast bra, seier Ola. At folk som dreiv med heimbrent den tida, fekk besøk av lensmannen, var ikkje uvanleg. 
Ordna arbeidstid var det ikkje noko som heitte. Skjedde det noko var det berre å rykke ut til alle 
tider i døgnet. Overtidsbetaling var det heller ikkje prat om i byrjinga. 

Dei fyrste åra Ola var lensmann, hadde han ein lensmannsbetjent. I 1970 fekk han to. Georg Gjevre og Sigmund Vassend var dei to betjentane som var da Ulvolden slutta i 1986. Gjevre tok over etter Ulvolden, og Vassend vart seinare lensmann etter Gjevre. 

Da Ulvolden byrja i politiet var det ikkje noko som heitte mobiltelefon. Telefonsentralen fungerte som operasjonssentral, der sentralborddamene heile tida visste kvar lensmannen var å få tak i. 
– Vi fekk samband seinare, da vart det lettvint. I dag har dei det riktig så svært, seier Ola Ulvolden.

Otyle hending

Gjennom eit langt yrkesliv i politiet er det fleire hendingar som har brent seg fast i minnet til gammel-lensmannen. 

– Ei otyle hending, seier Ola om den gongen eit tysk ektepar fekk ei steinblokk over bilen deira  i Byrbergom. Bussen med speidarar som køyrde utfor i fjellvegen der ei kvinne omkom, gjorde også inntrykk. Ein lastebil frå Vestlandet køyrde utfor vegen i Byrbergom i 1969.  Sjåføren vart aldri funne, og ein dykkar omkom under berginga av bilen. 

Ola kjem på ei artig historie, sjølv om det var dramatisk medan det stod på. Ein kar som heldt til på ei hytte i Sjodalen hadde gått over ei myr og dutte nedi, og kom ikkje opp att. 

Lensmannen sendte betjenten Sigmund Vassend bortover fjellet, men det skulle vise seg å bli ei vanskeleg oppgåve å få mannen opp av myra. Det kom til fleire folk.

– Dei driv på heile dagen, og til slutt vart det rekvirert helikopter for å lyfte opp mannen. Det er ingen spøk å gå på myrene, seier Ola Ulvolden.

Skaut mot lensmannen

Den mest dramatiske hendinga i Ola Ulvolden sitt liv, skjedde natt til 29. november 1968. Lensmannen vart landskjend da han skulle pågripe ein innbrotstjuv og vart skote på med pistol. 
Ola fortel at det denne hausten stadig var innbrot på handelsforeininga og Eidefoss sin elektriske butikk som låg der Kiwi er i dag. 

Lensmannen såg seg lei på desse innbrota, og ein byrja å sitje vakt på samvirkelagskafeen som låg i andreetasjen med godt utsikt mot Eidefossbutikken på andre sida av Finna. 

Denne natta var det lensmannen sjølv som sat vakt, saman med Per I. Kleiven. Medan dei sat der i den mørklagde kafeen, kom det ein bil køyrande frå sør og svinga inn bak Villa hotell. Dei trudde at det var Knut eller Kristian Villa som hadde vore ute og reist og kom seint heim. Men det skulle snart vise seg at det var ein innbrotstjuv. Tjuven hadde teke vegen mot elektrobutikken i ly av hotellet, der han i fleire vender hadde frakta med seg fjernsyn, radioar og andre ting. Men siste venda røpa tjuven seg. Han tok turen framfor hotellet og vart sett av dei to som sat vakt oppå kafeen. Lensmann Ola Ulvolden sprang ut og ropa til tjuven da han kom ut att frå butikken med tjuvgods. 

– Akta dig, ropa tjuven og tok fram ein pistol og skaut 2-3 skot mot lensmannen som med ein gong skjøna at tjuven var svensk. Folk  i Mo'om vakna av skota som small. Seinare viste det seg at svensken hadde bytta ut sin rette pistol med ein startpistol fordi han var redd at han skulle koma til å drepe nokon.

Stoppa og arrestert

Svensken kasta seg i bilen, ein Volvo Amazon, og strauk sørover i full fart. Lensmann Ulvolden kom seg inn i bilen sin og sette etter. Kleiven ringde til politikammeret på Lillehammer og varsla lensmannsbetjent Georg Gjevre som kom raskt og vart med på jakta. 

– Eg låg på hjul, men han køyrde så fort at det nytta ikkje å henge på han, seier Ola. Han snudde, medan Gjevre tok opp jakta på svensken. Ola var ikkje før kome attende til Mo'om, før Volvoen kom køyrande med lensmannsbetjenten hakk i hel. Ola var innom kontoret og tok med seg pistol, og sette etter. Lensmannen i Lom vart også varsla. Ved Randen hadde Gjevre lagt att ei spor som fortalde at dei hadde køyrt opp ved Randen. I Randsverk vart det sett opp ein buss som sperring i tilfelle svensken hadde køyrt innover Sjodalen. Vegen ver Valdresflya var stengt for vinteren.

Folka i Vassdokken vart vekt opp for at lensmannen skulle få låne telefon for å  varsla kollegane sine nedover Gudbrandsdalen. 

Den svenske tjuven vart stoppa og arrestert på Fåberg. Ola fortel at svensken hadde gjeve seg ut for å vere journalist, men med tjuvgods i bilen gjekk ikkje politiet på denne bløffen. På 70-talet etter at svensken hadde sona ferdig, tok bladet Vi Menn han med seg til Vågå for å helse på Ulvolden. 

– Eg fekk brev frå han seinare, der han skreiv at han var glad for at han vart tatt den gongen. Han skikka seg bra og byrja som journalist. Men han vedgjekk at han tente betre som kjeltring enn som journalist, seier Ola.

Fekk gammal moped

Da Ola Ulvolden byrja hjå lensmann Haugen hadde ikkje noko å køyre med.

– Sokneprest Ivar Sjaastad tykte synd i meg og gav meg ein gammal moped han hadde ståande. Det var eg sjeleglad for, nå slapp eg springe rundt på bygda.

Fyrste bilen hans var ein Ford Anglia. Den vart brukt både privat og som tenestebil. Og det var ikkje støtt like triveleg å hente fulle folk og sette dei inn i bilen. 

Ola fortel at han ein gong måtte hente ein som var for full og som hadde vorte liggjande og rulle i kumøkk. Han vart stappa ned i ein søppelsekk, før han vart lempa inn i bilen og køyrt heim att. 

I ein alder av 91 år har Ola kjøpt seg ny bil. Ein VW Polo med automatgir.

Ivrig treskjerar

Heime i huset Ola og kona Kari bygde på Utstillingsplassen, heng mange ting som vitnar om at gammel-lensmannen har vore ein ivrig treskjerar. 

– Eg gjekk på kurs hjå Edvard Bakkom, seier Ola. Han reiser seg og tek ned eit ølkrus han har skore. Den store hobbyen har også borna Stein, Trond og Marit hatt glede av. Ein kubbestol med utskjeringar og eit ferdaskrin er han også stolt av.

Og sjølv om Ola har nådd ein alder av 91 år, er han sprekare enn mange som er tiår yngre. Minnet er det ingen ting å seie noko på. I si tid som lensmann kjente han alle i bygda. Og alle visste kven lensmannen var.

I 1964 stoppa lensmannen ein liten gut med trøbil i Dompe og spurte etter førarkort. Og det hadde guten. Lensmannen signerte det heimelaga førarkoret. Ola Ulvolden hugsar episoden. – Var det deg det?

Denne artikkelen ble første gang publisert i avisa Fjuken 20. desember 2012 og ble republisert på Selhistorie.no 22. september 2013.

Ølkrus: Treskjering har vore den store hobbyen for Ola Ulvolden. Her med eit ølkrus og ferdaskrin. Foto. Arve Danielsen, Fjuken.

VÅGÅMO: Ola Ulvolden i bygda han arbeidde som lensmann i 40 år. Foto: Arve Danielsen.

Denne artikkelen ble første gang publisert i avisa Fjuken 20. desember 2012 og ble republisert på Selhistorie.no 22. september 2013.