Martnasgeneralen minnes oppveksten på Otta i etterkrigstida

Jan Petter Hammervold, styreleiar i Ottamartnan, minnes oppveksten i stasjonsbyen. Han hugsar krigane mellom Ogga og Nea lina, tendensen til småborgarskap og dei to pølsebuene. Dei gjorde at Otta tok eit langt steg frå dei andre tettstadene i dalen.

Av Jan Petter Hammervold, Lillehammer

Det var ein trygg og god oppvekst på Otta i etterkrigsåra, vi var alle ein stor kameratgjeng som gjekk ut og inn dørene hos kvarandre dagleg.

Vi hadde riktignok ei og annan ”kula” mellom ”Ogga lina” og ”Nea lina”, men ingen tok nokon gong skade av det. Denne småkriginga tok også slutt da Loftsgardsjordet vart boligfelt og fleire framifrå krigere frå nabolaget mitt flytte dit og kom ”Ogga lina”. 

 

 

Tendenser til borgarskap

Skomakerhuset: Mange hugsar sikkert skomakeren på hjørnet av Storgata og Olav Bismos gate.

Feitt var det ikkje å vekse opp i etterkrigstida, men eg trur ikkje nokon direkte svalt. Men sko og klede kunne det væra så som så med.

Otta var ein stasjonsby med tendensar til borgerskap, og eg opplevde ei form for klassesamfunn som har vore med og farge meg politisk.

Det var lang avstand frå doktor, prest og lensmann til lagermannen på samvirkelaget, og ikkje berre økonomisk. Konene til slike som dei tre nevnte var ”fru ditt” og ”fru datt”, hushjelp var ikkje uvanleg for dei heimeværande fruene, medan mødrene til dei fleste kameratene mine heitte slik som Karen, Ragnhild og Paula. Ingen av dei var visstnok fruer, og fleire av dei hadde arbeid utanfor heimen. Med denne ”ballasten” er det kanskje ikkje rart at eg har vore kommune­styrerepresentant for Arbeiderpartiet i fire perioder i Nord-Fron og at eg no er inne i mi tredje periode i Lillehammer.

Vart freista med ”pysje med alt”

Midt på femtitallet skjedde det noko spennande på Otta som gjorde at staden definitivt tok eit langt steg frå dei andre tettsta­dene i dalen:

Vi fekk pølsebu, og ikkje berre ei, men to.

Då Ragnhild Øyen og Grønengfamilien starta kvar si pølsebu i parken, vart det mange freistingar for oss ungar. Og spesielt lett vart det ikkje for den som måtte halde seg med lommepengar sjøl.

Men hadde vi ikkje råd til ”Pysje med alt”, kjøpte vi ”Pysje med alt utan pysje”, og da slapp vi unna med femtiøringen.

Starta band med kameratar

Etter realskule reiste eg eit år på hval­fangst i Sydisen. Heimatkomen byrja eg på gymnaset på Vinstra. Mens eg gjekk der laga vi eit band som heitte ”Hustler”, der eg spela saman med blant andre Knut Berg og Sigmund Slaaen.

Det var vel ikkje stor musikk vi presterte, men vi hadde utruleg mykje moro, og ein og annan av oss brukte posisjonen frå scena til å få innpass hjå damene.

Jan Petter forteller

– Skoa – mine fyrste – er laga av bestefar, og eg har dei enda, fortel han.

Jan Petter Hammervold vart født på Otta for vel 66 år sidan. Det var krig den gongen og ikkje så mykje å rutte med, så dei første vekene tilbrakte han i ei kommodeskuffe.

– Kanskje kjem utferdstrongen min frå den tronge starten i skuffa? spør han.

Jan Petter Hammervold utdanna seg til bygningsingeniør og har arbeid innen den bransjen. Han har budd i Oslo, på Gjøvik, Hamar, Vinstra og no på Lillehammer.

No er han pensjonist og har enda betre tid til hytta si på Mysusæter og sitt engasjement i politikk og nærmiljø. Han er inne i si tredje periode som kommunestyrerepresentant for Arbeiderpartiet i Lillehammer. Han har også vore kommunestyrerepresentant i fire perioder i Nord-Fron.

I Norddalen er han no mest aktuell som styreleiar i Ottamartnan.  Mange kjenner han også frå Mysusæter Vel, som han leia i fem år.

Her er Jan Petter antakelig omkring 15 månedar gammel.