Skøyteby på kvileskjær

Frå slutten av femtitalet og fyrst på sekstitalet var Otta ein aktiv skøyteby, og var samanlikna med store arenaer som Alma Ata og Davos.

Disse bildene fra skøytebanen i Øya er hentet fra de gamle filmene til John Leiren som er digitalisert og redigert av Tor Alvheim.

 

Av Guro Vollen, Vigga

OTTA: Tidleg og god is trekte både landslag og internasjonale skøytestjerner til Otta. Banerekordane i Øya stadion står framleis, og vil koma til å bli ståande i all tid. Øya stadion er no oppvarma fotballbane midtvinters, og ikkje egna for skøyteskjær. Men sjøl om skøyteisen er borte, fins framleis dei som kan mimre om denne tida.

 

Blomstrande miljø

- Det var ei fin tid, den kjem ikkje attende, seier Erling Tullut. Han er ein av dei fire vi møtte for å få eit bilete av korleis det var. - Det er klart miljøet blomstra opp då, seier Terje Lindby, om tida då landslaget hadde samlingar på Otta, og elite både frå Noreg og andre land trena og deltok på stemne i Øya Stadion. 


Når skøyteforbundet brukte Øya stadion fekk Otta Idrettslag ei godtgjering på 2000 kroner for å halde bana i fin stand. Olaf Rudi var aktiv skøyteløper sjøl den tida, og så lovande at han var gjeve eige trenings-opplegg av skøyteforbundet og den etterkvart kjende norske landslagstrenaren Stein Johnsen. Han hugsar han sykla til skøytebana kvar kveld anten det var fem eller ti minusgrader. Antrekket i mange kaldegrader måtte stundom bli forsterka på utsatte stader med aviser.

- Det var ofte kaldt, ja. Kaldegrensa var på 20 minus, minnes dei.

Ola Tamburstuen hadde autorisasjon både som tidtakar og startar i renn.

- Eg hugsar eit internasjonalt renn der russiske Grisjin gjekk 500-meter, det var fyrste distansa. Det som var tabba var at halvparten av tilskodarane sto utanfor bana enno, utan å ha fått løyst billett då han gjekk, fortel han.

Åtte grader varmt vatn

Den tidlege og gode isen var noko av grunnen at Otta vart populær treningsstad for eliteløparar. Og desse karane hugsar eit og anna trikset om islegginga.

- Vi hadde eigen brunn, i eige oppvarma hus, der vatnet heldt åtte grader. Og det var fint, for då rann det godt utover før det fraus, seier dei. - Det fans ikkje finstoff i vatnet, slik som dei sleit med mange stader, seier Olaf Rudi. - Mange stader filtrerte dei vatnet.

- Det var noko spesielt i og med at det var så fine tilhøve, seier Ola Tamburstuen. Men om det var fine naturgjevne tilhøve kunne dei også finne på å eksprimentera litt. - Eg hugsar vi var på turrmjølka og henta varmvatn, seier Erling Tullut.

- Det var berre som eit eksperiment. Om det var skikkeleg kaldt hengde vi eit ullteppe bakpå røyret vi la ut vatnet med for å få større friksjon. Om isen blir for slett blir det for mykje motstand, fortel han. Grunnisen la dei i fyrsten av november. Tankbilen dei brukte var i starten ein ombygd militærbil med to samansveisa tanker og eit utleggingsrøyr som gjekk over heile banebredda.

Miljø og samlingsplass

Karane fortel at det var folk på vakter i klubbhuset som fyra og heldt orden, slik at det var fine tilhøve for dei på isen og dei som berre ville treffast.

- Klubbhuset var ein samlingsstad og eit sosialt møtepunkt, fortel dei. Når dei store stjernene trena var mange ivrige på plass på isen innanfor bana, for å plukke eit og anna trikset. - Men vi var ikkje så frampå som ungane er i dag, veit du, seier Olaf Rudi. Dei passa seg vel for å gå atti vegen, og var raske ut til sida om dei vart nådd att med ei runde..

Klubbmiljøet var stort, som eksempel kan ein sjå av protokollen som er sirleg handskriven at eit klubbløp i 1962 samla 65 deltakarar. Mange deltok på løp opp og ned i dalen også, slik som på Vinstra, i Vågå og i Lom, der det også var store skøytemiljø. Olaf Rudi fortel om eit løp på våren i Folldal, dit han og nokre andre fekk vera med i bilen til nokre nederlenderar.

Då dei kom til Folldal var rennet avlyst, for sola hadde stått for hardt på. Arrangøren skipa likevel til ein stafett mellom Noreg og Nederland, og Olaf fekk gå i par med Kees Broekman. Det var stort. Broekman datt i fyrste svingen, og Rudi etter i eit førsøk på å koma rundt. - Vi kom nå i mål, eg hugsar ikkje kven som kom fyrst, men Noreg vann stafetten, fortel han.


Takk til Terje Lindbye, Olaf Rudi, Ola Tamburstuen og Erling Tullut, også til Kristine Koot,Ingar Stubbrud, Edvin Høglien,Tor Alvheim og Bjarne Fredriksen.

Denne artikkelen er første gang publisert i Vigga nr. 47, 11. desember 2008.